Eigedommar som er fritekne for konsesjon
-
Hovudregelen er at du kan ta over ein eigedom som ikkje er større enn 100 dekar og ikkje meir enn 35 dekar dyrka jord utan å søkje om konsesjon.
-
Ei tomt som er lagd ut til bustad- eller fritidsformål er også som regel friteken frå konsesjonsplikt. Dei fleste typar leilegheiter er også konsesjonsfrie.
-
Ubebygd areal som ikkje skal brukast til landbruk
-
Overtaking av eigedom frå nær familie
-
Når du som tek over eigedommen har odelsrett. Men då har eigedommen buplikt.
Som regel må du sende inn eit skjema om eigenfråsegn om konsesjonsfridom. Dette gjer du til kommunen.
Søkje om konsesjon
Dersom eigedommen er ein landbrukseigedom og ikkje er friteken for konsesjon, må du søkje kommunen om konsesjon.
Konsesjon og buplikt
Dersom du ikkje har tenkt å bu på eigedommen, må du søkje om konsesjon utan buplikt.