Avd. Kjøtteinsvegen gjev tenester på to ulike område:

- Kjøtteinsvegen
- Valvatna

Kjøtteinsvegen, i lag med avd. Studalen, utgjer Tunet burettlag, og høyrer til STOBO, Stord Boligbyggelag AL. I Kjøtteinsvegen er det 4 bustader. Kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det er tilknytt eigen personalbase til bustadane og det vert gitt heildøgns omsorg til bebuarar som har behov for det. Bebuarane eig, eller leiger bustadane.

Alle brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde brukar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde brukar, pårørande og verje.

Alle bustadane samarbeider med arbeids- og aktivitetstilbod, pårørande, fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, habiliteringstenesta m.fl.

Visjon

Gode relasjonar skapar trivsel og meistring

Mål

Overordna mål er å:
- skapa ein trygg og omsorgsfull heim
- gje god dagleg omsorg og sosial støtte
- leggje til rette miljøet for eigenmeistring
- bidra til eit godt samarbeid med pårørande

Kontakt oss

Vakttelefonar:
975 52 134 og 900 71 731

Avdelingsleiar:
Elin Maria Aasheim

Telefon: 53 40 97 44
Send e-post til Aasheim