Omtale

Er du funksjonshemma, kan du søkje om å få skrive ut eit følgjebevis. Følgjebeviset skal gje den personen som følgjer deg, fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og til visse transportmiddel. Beviset blir skrive ut til deg.

Vi innhentar eventuelt fråsegn om ditt behov for følgje frå lege, helseinstitusjon eller helse- og sosialetaten i kommunen. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket.

Vilkår

Det blir ikkje gjort noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden. Ordninga er ikkje avhengig av om du mottar trygd. Nedre aldersgrense for søkjarar er normalt åtte år.

Pris

Følgjebeviset er gratis.

Samarbeidspartnarar

Offentlege og private arrangørar av arrangement og nokre hotell og transportselskap.

Utfyllande informasjon

Her, på Helsenorge sine nettsider, kan du lesa meir om følgjekort (ledsagerbevis).

Vedlegg

Passfoto.

Søknadsskjema

Søknadsskjema for følgjekort (ledsagerbevis) er elektronisk og skal fyllast ut og sendast inn direkte på skjermen. Skjema for sakkunnig vurdering skal fyllast ut i tillegg og leverast eller sendast til:

  • Fellestenester
  • Stord kommune
  • Postboks 304
  • 5402 Stord

Gå til elektronisk søknadsskjema

Gå til skjema for sakkunnig vurdering - Dette skjemaet må du skriva ut og ta med til sakkunnig.