Retten til individuell tilrettelegging er regulert i opplæringslova opplæringslova kapittel 11.
Skulen skal tilpassa opplæringa for elevane, slik at dei har tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Dersom det må til, skal skulen setja inn eigna tiltak. Tiltaka kan bestå av ulike tilpassingar i opplæringa. Elevar på 1.–4. trinn som står i fare for å ikkje ha forventa progresjon i lesing, skriving og rekning, skal få intensiv opplæring.
Dersom tiltaka ikkje er tilstrekkeleg for å gi eleven tilfredsstillande utbytte av opplæringa, kan det vera at eleven har behov for individuell tilrettelegging.
Individuell tilrettelegging er delt i ulike rettigheiter
- Personleg assistanse, opplæringslova §11-4
- Fysisk tilrettelegging, tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet, opplæringslova §11-5
- Individuelt tilrettelagd opplæring, opplæringslova §11-6
Personleg assistanse
Personleg assistanse handlar om praktisk hjelp og bistand frå ein person som kan følgja med og hjelpa eleven i skulekvardagen. Det handlar ikkje om å leggja til rette det faglege for at eleven skal nå kompetansemål, men skal gjera det mogleg for eleven å delta i undervisninga.
Fysisk tilrettelegging eller tekniske hjelpemiddel
Fysisk tilrettelegging eller tekniske hjelpemiddel handlar mellom anna om tilrettelegging av arbeidsplassen eller i klasserommet, ved hjelp av inventar, teknisk utstyr og programvare.
Individuelt tilrettelagd opplæring
Individuelt tilrettelagd opplæring handlar om fagleg tilrettelegging for å nå mål i faga. Det kan til dømes vera at eleven får hjelp til å bryta ned og sortera informasjon og strukturera skulekvardagen, jobba ekstra med sosial læring og språk, får ekstra støtte for å kunne kommunisera eller får tilpassa kompetansemål.
Vedtak og sakkunnig vurdering
Kommunen må fatta vedtak for at eleven skal få rett til individuell tilrettelegging. I Stord kommune er det rektor som fattar slikt vedtak. Dersom det er individuelt tilrettelagd opplæring eleven treng, må kommunen innhenta sakkunnig vurdering frå PP-tenesta før det vert fatta vedtak.
Ansvar og rettigheiter
Kommunen v/ rektor (vedtaksfattar) skal
- Involvera og spørja eleven og foreldra/føresette før dei tek avgjerder som gjeld eleven
- Vurdera om eleven har behov for individuell tilrettelegging for å kunna delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbyte av den
- Sørgja for at saka er godt nok opplyst til å fatta vedtak om kva type individuell tilrettelegging eleven treng
- Henta inn sakkunnig vurdering frå PP-tenesta dersom eleven eller foreldra/føresette ber om det, eller visst skulen meiner at eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring
- Fatta vedtak som seier om eleven har rett til individuell tilrettelegging eller ikkje, og kva den individuelle tilrettelegginga skal innebera
Skulen skal
- Gi eleven individuell tilrettelegging slik det går fram av vedtaket
- Laga ein plan for opplæring i dei kompenserande ferdigheitene for elevar som har rett til opplæring i mobilitet og i tekniske hjelpemiddel
- Laga ein individuell opplæringsplan (IOP) når eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring
- Gjera undervegsvurderingar ut frå mål i IOP, og laga ein skriftleg rapport om den individuelt tilrettelagde opplæringa og utviklinga til eleven ein gong i året
- Informera foreldra/føresette og eleven om konsekvensane av om eleven vel å få vurdering utan karakter i dei faga han eller ho får individuelt tilrettelagd opplæring i
Foreldre/føresette og elev
- Kan krevja at kommunen i eit vedtak tek stilling til om eleven har rett til individuell tilrettelegging
- Skal verta involvert når kommunen vurderer behovet for individuell tilrettelegging
- Skal samtykka før eleven vert tilvist til PP-tenesta
- Skal samtykka før kommunen fattar vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring
- Kan klaga på vedtaket om individuell tilrettelegging
- Skal få ein skriftleg rapport ein gang i året om den individuelt tilrettelagde opplæringa eleven får, og ei vurdering av korleis eleven utviklar seg
- Kan bestemma om eleven på ungdomsskulen skal få fritak frå vurdering med karakter i dei faga han eller ho har fått individuelt tilrettelagd opplæring i
Veileder for tilpasset opplæring og individuell tilrettelegging (Udir)