Barnehagen og skulen har ei aktiv plikt til å passe på at skulen har eit godt miljø, både fysisk og sosialt.
Både bygget og uteplassen skal tilpassast alle barn og elevar, også dei med funksjonsnedsetjing.
Elevane skal få ta del i planlegginga og i arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø.
Skulen skal informere elevar og foreldre om rettane deira og om pliktene til skulen.
Elevar og foreldre kan snakke med skulen og be dei retta opp ting som ikkje fungerer bra nok. Det kan til dømes vere forhold rundt
-
uteplassen
-
inneklima, lysforhold og støynivå
-
hygiene, reingjering og smittevern
-
tryggleik.