Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Gravplass

Bur du i kommunen, har du rett til fri gravplass der, men det eksisterer også andre rettar og krav du må ta omsyn til.

Tenesteomtale

Alle som bur i kommunen, har rett til fri gravplass i kommunen. 
 
Fri gravplass varer i 20 år. Dette blir kalla fredingstida, og du skal ikkje betala for gravplassen i perioden. Etter frigravperioden, kan du inngå avtale med kommunen om vidare feste av grava. 
 
Kommunen har føresegner for kor lenge eit feste varer og korleis du går fram for å fornya festa.
 
Statsforvaltaren kan gi løyve til oskespreiing eller ein privat gravstad som eit alternativ til gravlegging på offentleg gravplass. 
 
Kyrkjeleg fellesråd eller kommunen  kan gi løyve til at også personar utan bustad i kommunen kan få gravplass.

Kriterium/vilkår

Fredingsperioden for ei grav er minimum 20 år. Ein kan ikkje leggje festeavgift på ei fri grav i fredingsperioden. Etter at fredingsperioden er over, kan ei fri grav nyttast til ny gravlegging og festast. Festetida skal ikkje vere lenger enn 20 år. Festet kan likevel fornyast.

Lover

Rett til gravplass er ei lovpålagd oppgåve for kommunen. Sjå spesielt gravplasslova § 6 og § 8. 

Gravferdsforskriften
Gravplassloven

Kontakt

Stord kyrkjelege fellesråd

Til nettsida kyrkjastord.no

Tenesta oppdatert: 14.03.2025 09:15

Tjenester

Hold inne ctrl-tasten og trykk + for å skalere opp, - for å skalere ned.