Kontakt kommunen via eDialog - sikker innsending av post
Via eDialog kan du senda post på ein sikker måte til Stord kommune. Her loggar du deg på med ID porten (MinID, BankID mm) og dokumenta vert sendt i sikra/kryptert dataline. Les meir om/send inn via eDialog her.
Kontakt kommunen via www.stord.kommune.no
Via kommunen sine internettsider kan du gje tilbakemeldingar til Stord kommune ved å nytta "fann du det du leita etter" - skjema.
Kontakt Stord kommune via e-post
Bruk av e-post gjev ikkje tilfredsstillande tryggleik for personopplysningar. E-post bør difor berre nyttast til enkle spørsmål. Stord kommune ber om at førespurnader med sensitive opplysningar eller informasjon av privat karakter ikkje vert sendt via e-post men via sikker innsending av dokument tenesta eDialog. Les meir om/send inn via eDialog her.
Elektroniske skjema
Stord kommune har fleire typar av skjema for utfylling. Nokre skjema kan ein fylle ut og sende inn elektronisk. Samstundes er det også mange skjema som må skrivast ut og sendast inn som papirsøknad.
Sjå personvernerklæring for elektroniske skjema.
Alle elektroniske skjema vert sendt over sikker line og innhaldet vert kryptert. Me oppmodar alle som sender inn elektroniske skjema til å autentisere seg med ID-porten.
ID-porten har ulike tryggleiksnivå. MinID er ikkje ein elektronisk signatur.
Ved å nytte ID-porten vil ein kunne få førehandsutfylt eigen kontaktinformasjon i skjema ein nyttar.
Oppdatering og sletting av personopplysningar
Den enkelte kan via BrukarID oppdatere eigen kontaktinformasjon i nasjonalt kontaktregister. Les meir om korleis du oppdaterer kontaktinformasjonen her.
Gje melding til Stord kommune dersom du ønskjer å bli sletta som brukar.
Informasjon som vert lagra automatisk
Me måler trafikk på nettsida vår både via klient-side måling (via eit javascript/SiteImprove). Når du vitjar www.stord.kommune.no tek me vare på noko informasjon; som IP-adresse, kva slag nettlesar og operativsystem du nyttar, kva sider på www.stord.kommune.no du vitjar, kva side du kom frå då du gjekk inn på www.stord.kommune.no, osb.
For å generera meir avansert statistikk er programvara me nyttar avhengig av informasjonskapslar (cookies). Les meir om informasjonskapslar herDu kan få tilgang til sidene våre sjølv om du vel å ikkje godta kapselen frå www.stord.kommune.no.
Me gjer merksam på at alle data me samlar inn på denne måten berre vert nytta for statistiske føremål, vedlikehald og utvikling. Denne informasjonen hjelper oss mellom anna til å vurdera kva vitjarane på www.stord.kommune.no er mest interessert i. Stord kommune nyttar ikkje informasjonskapslar til å lagra personopplysningar.
Lenkjer til andre nettstader
På kommunen si heimeside har me lenkjer til andre nettstader, organisasjonar og verksemder. Me gjer merksam på at Stord kommune sine retningsliner for personvern ikkje omfattar desse nettstadene. Dei aktuelle nettstadene vil ha eigne retningsliner som ein må setje seg inn i.