Dagsrytmen
Barnehagen opnar kl 06.30. Fram til frokost leiker barna på avdelinga for mellomstore barn, også kalt møtesona. Det er der barna kjem om morgonen.
Mellom kl. 08.00-08.30 er det frokost. Då et dei store barna på avdeling for store barn, og dei små barna inne på småbarnsavdelingen.
Frå kl. 09.30- 14.30 er det gruppetid. I denne tida leiker barna i smågrupper på avdelingane. Dei et frukt og har ulike aktivitetar, og leik ute og inne. Og dei går på tur i nærområdet. Kl. 11-11.30 et barna lunsj og har kvilestund.
Kl 14.00 et barna eit mellommåltid som består av knekkebrød, frukt og vatn. Frå ca. 14.30 og fram til barnehagen stengjer kl 16.15 leikar barna på avdelingane, inne eller ute.
Foreldreråd og samarbeidsutval
Foreldreråd
Foreldrerådet er foreldre / føresette til alle barna i barnehagen. Foreldrerådet er arena for foreldra til å ta opp og diskutere kring saker dei ønskjer å løfte opp til leiinga i barnehagen. Det er og arena til å diskutere utspel og forslag frå barnehagen som vedgår endringar og større avgjersler i høve alle barna i barnehagen. Foreldrerådet vel to representantar som skal sitje i barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Representantane skal fremje foreldre/føresette sine interesser, og bidra til at samarbeidet mellom barnehage og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Det er i foreldreråd 27.08.2014 stemt for at representantar veljast for to år om gangen.
Samarbeidsutval
Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet er sette saman av foreldre /føresette og ansatte i barnehagen slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehagen sin eigar kan delta etter eige ønskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Styrar deltek på møte som informant og referent.
Samarbeidsutvalet 2023-2024
Tittel | Namn | E-post |
---|---|---|
Leiar | Kristine Eskeland Sakseid foreldrerepresentant | ksakseid@gmail.com |
Nestleiar | Margrete Lauksund Almås foreldrerepresentant | mlauksund@gmail.com |
Medlem | Hallbjørg S. Eide personalrepresentant | hallbjorg.sagmo.eide@stord.kommune.no |
Medlem | Tora E. Olsen personalrepresentant | tora.e.olsen@stord.kommune.no |
Politisk vald representant | Fredrik Mettala | fredrik.mettala@akersolutions.com |
Skrivar | Anita Borrevik Styrar | anita.borrevik@stord.kommune.no |
Informasjon
- Lov om barnehagar: § 20 Teieplikt. Dei som arbeider i barnehage har teieplikt om det dei får vita om nokon sine personlege forhold. Med dette meiner ein mellom anna opplysingar om fysisk og psykisk helse, familie- og heimeforhold, bustadforhold, økonomi eller klientforhold til det offentlege.Barnehagepersonalet har opplysingsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert misshandla i heimen, eller det føreligg andre former for alvorleg omsorgssvikt.
-
Informasjon
De finn aktuell informasjon på barnehagen si heimeside. I tillegg vert informasjon sendt elektronisk til dei som ynskjer det, eller lagt i garderobehyllene til borna. -
Oppstartsamtale
Føresette til nye born får tilbod om oppstartsamtale med pedagogisk leiar til barnet. Me utvekslar informasjon og forventingar med meir. -
Dokumentasjon frå barnehagedagen
De finn informasjon om kva borna har gjort i løpet av dagen. Dette heng på tavla på torget og i Mykid.I tillegg ligg det ute periodeplanar, periodebrev, bilete og anna informasjon på Mykid. Ein må ha barn som går i barnehagen vår, for å kunne sjå denne informasjonen. -
Sjukdom
Born som ikkje er friske nok til å vera ute, er i hovedsak ikkje friske nok til å vera i barnehagen. Dersom barnet dykkar har særlege grunnar for å vera inne ( t.d. astma ), ta kontakt med oss om det. Det er allmenntilstanden til barnet som avgjer om det kan vera i barnehagen eller ikkje. -
Medisinering i barnehage, skule og SFO
Det er i utgangspunktet føresette sitt ansvar å sørgja for at barnet får legemidlar på rett måte og til rett tid. Dersom det er naudsynt at barnet får medisin i den tida det er i barnehagen, skal det gjerast ein skriftleg avtale mellom føresette og personalet. -
Kommunelegen har utarbeida lokale retningslinjer for medisinering i barnehage. Han har også ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med å utarbeida prosedyrar for handtering av legemidlar i barnehagar, skular og SFO.
-
Klede og merking av klede
For at barnehagedagen skal verta så god som mogeleg for barnet dykkar, er det viktig at det har høvelege kle til å leika i både inne og ute. Kleda bør til dømes ikkje vera for trange, og strikk i regnbuksa til å ha under støvlane, kan vera avgjerande om ein tur vert vellukka.
Det er viktig at borna har nok byttekle i barnehagen.
I barnehagen går det mange borna som har like kle, støvlar / sko, matboksar, med meir. Det er difor viktig å merka dette. -
Garderoben
Føresette har ansvar for å halda orden i garderobehylla til sitt barn. Det er god hjelp for oss om de tek heim regnkle og dressar til kvar helg. Då får reinhaldar høva til å vaska litt grundigare i garderobane måndag morgon. -
Når barnet ikkje kjem i barnehagen
Barnehagen skal ha melding frå føresette når barnet er sjuk eller skal ha fri. Denne meldinga kan leggast inn på mykid, eller ein kan ringa til barnehagen.
Ny i barnehagen
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet får ein trygg og god start i barnehagen.
Mål: Barn og foreldre møter barnehagen og eit personale som er klar for å ta imot dei og som legg til rette for ein god barnehagestart for barnet. Barnehagen skal ha ein tett dialog med foreldre om deira barn.
Slik gjer me det:
-
Foreldremøte for nye barn på våren.
-
Barnehagen sender ut informasjon til foreldre, og inviterer barn og foreldre inn til besøksdag i barnehagen før barnet byrjar. desse dagane er i slutten av juni og i starten av august.
-
Pedagog som skal ha ansvar for barnet tek kontakt med foreldre og avtaler oppstartstidspunkt for barnet i barnehagen ved nytt barnhageår 15.august.
-
Dei første dagane barnet er i barnehagen er det tett dialog mellom pedagogen og foreldre om kor lange dagar og kor mange dagar foreldra skal vera med barnet i barnehagen.
-
Personalet skal alltid lytta til foreldre når det gjeld barnet deira. Foreldra er ekspertane på sitt eige barn.
-
Foreldre kan når dei ynskjer det ringje eller kome inn i barnehagen for å høyre, sjå og oppleve korleis barnet har det.
-
Forelder som treng rettleiing i høve tilvenning i barnehagen, får dette av pedagogen som har ansvaret for barnet deira.