Folkehelsa handlar om korleis me innbyggjarar trivest og kor slitesterke me er i møte med utfordringar.
God samfunnsutvikling er å leggje til rette for god folkehelse. Samtidig er god folkehelse kanskje den viktigaste ressursen for å få til god utvikling.
Folkehelsa blir påverka av mange ulike samfunnstilhøve, slik som bustad, høve til utdanning og arbeid, fysisk og sosialt miljø. Oversikt over lokale utfordringar og ressursar er nødvendig for eit treffsikkert samfunnsutviklingsarbeid som fremjar folkehelsa.
Folkehelselova og plan- og bygningslova set krav om folke helseomsyn i all kommunal verksemd. Kommunen er pålagt kvart fjerde år å utarbeide oversikt over helsestilstanden og faktorar som kan påverke denne. Krav til oversikt finn ein i folkehelselova §5 og i forskrift om oversikt over folkehelsen. Dette er det tredje oversiktsdokumentet over helsetilstanden som er utarbeidd i Stord kommune.