Følgjekort
Tenesteomtale
Har du nedsatt funksjonsevne, kan du søkje om å få skrive ut eit følgjebevis. Følgjebeviset skal gje den personen som følgjer deg, fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og til visse transportmiddel. Beviset blir skrive ut til deg.
Ordninga med følgjekort skal vera eit verkemiddel for å førebyggja isolasjon og med det bidra til auka livskvalitet for den funksjonshemma som på grunn av nedsatt funksjonsevne treng hjelp og støtte for å delta i samfunnet. Ordninga omfattar normalt personar med funksjonshemming som varer i minst 2-3 år.
Kommunen vurderer kor lang tid kortet skal gjelda for, det kan vera tidsavgrensa eller varig.
Ein kan berre få eitt følgjekort pr. søkjar. Dette gjeld også barn med delt bustad, personar som regelmessig oppheld seg i avlastningsbustad og liknande. Det er den som har søkt og fått kort, som er eigar av kortet, ikkje følgjepersonane.
Målgruppe
- Rørsleshemming
- Høyrslehemming
- Synshemming
- Demens
- Utviklingshemming
- Allergiar
- Psykiske lidingar, hjartesjukdomar, lungesjukdomar.
Kriterium/vilkår
Det blir ikkje gjort nokon økonomisk behovsprøving i samband med søknaden. Ordninga er ikkje avhengig av om du mottar trygd. Det er inga øvre eller nedre aldersgrense for å få følgjekort, dersom behovet er dokumentert.
Pris for tenesta
Følgjebeviset er gratis.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Barne-, ungdom- og familiedirektoratet (Bufdir):
Veiledende nasjonale retningslinjer for ledsagerbevis for funksjonshemmede
Hjelpetilbud i kommunen
Ledsagerbevis - brosjyre
Ledsagerbevis på telefonen
Samarbeidspartnarar
Offentlege og private arrangørar av arrangement og nokre hotell og transportselskap.
Lover
Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Søknadsskjema for følgjekort (ledsagerbevis) er elektronisk.
Vedlegg
Førstegongsøkarar må legge ved sakkunnig vurdering om den funksjonshemma sitt behov for ledsager frå enten primærlege, legespesialist, offentlig godkjent helseinstitusjon eller kommunen si helse- og sosialteneste.
Høve til å klage
Kontakt
Tenesta oppdatert: 02.01.2024 08:39