Fastlege
Alle har rett til å vere knytt til ein namngitt, allmennpraktiserande lege – ein fast lege å halde seg til.
Tenesteomtale
Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen.
Fastlegen skal òg hjelpe deg med å velje behandlingssted, dersom du skal få behandling på sjukehus.
Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der.
Målgruppe
Alle som bur i Noreg. Personar med D-nummer som ikkje er asylsøkjere, har ikkje rett til fastlege.
Kriterium/vilkår
Pris for tenesta
Du betaler eigendel. Dersom du får bestille time per sms eller via internett, skal du ikkje betale noko ekstra for det.
Eigendelstaket for frikort i 2024 er 3165 kroner.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Lover
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå blant anna
Helsepersonelloven
Forskrift om pasient- og brukerrettigheter i fastlegeordningen
Forskrift om fastlegeordning i kommunene
Helse- og omsorgstjenesteloven
Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege
Pasient- og brukerrettighetsloven
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Så langt som det er mogeleg bør du kontakte helsetenestene digitalt eller per telefon.
Dersom fastlegen din tilbyr legetime over nett vil du sjå det når du loggar inn på helseNoreg.no. Dette blir kalla på «e-konsultasjon» og skjer med lyd, video eller tekst-samtale, for eksempel ved hjelp av ein PC, eit nettbrett eller ein telefon.
Klikk på «Start e-konsultasjon» for å begynne.
Dersom du flytter frå ein kommune til ein annan, må du melde flytting til Folkeregisteret. Du får eit brev frå Helsenorge om fastlegar som har ledig plass på lista i den nye kommunen. Du kan velje ein av dei, eller halde fram hos den fastlegen du allereie har.
På https://helsenorge.no/behandlere/bytte-av-fastlege kan du søkje etter ein fastlege som du ønskjer å bruke. Du kan òg setje deg på venteliste dersom fastlegen du ønskjer ikkje er ledig.
Har du ikkje internett, ring Helsenorge på telefon 23 32 70 00. Ha fødselsnummeret ditt (11 sifre) klart før du ringer. Dei fortel deg om tilgjengelege fastlegar og set deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg, så sant legen har ledig kapasitet
Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet er registrert. Du får eit brev som stadfester at du har fått ny fastlege.
Vedlegg
Saksbehandling
Saksbehandlingstid
Høve til å klage
Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke retten til å skifte. Du har rett til å skifte fastlege inntil to gonger kvart kalenderår.
Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.
Tenesta oppdatert: 04.03.2024 16:04