Farleg avfall
Farleg avfall skal ikkje blandast med anna avfall, men blir levert til nærmaste gjenvinningsstasjon.
Tenesteomtale
Kommunen skal sørgje for at det finst mottak der du kan levere farleg avfall. Sørg for at emballasjen er tydeleg merka med opplysingar om innhaldet.
Eksempel på farleg avfall frå hushald er:
- Reingjeringsmiddel
- Måling
- Lim
- Lakk
- Sprayboks
- Lysstoffrøyr
- Løysemiddel
- Bilpleiemidel
- Bilolje
- Båtpleiemidel
- Skismørjing med fluor/fluorkarbon
- Skirens
- Bekjempningsmiddel
- Naglelakk
- Naglelakkfjernar
Målgruppe
Hushald og verksemder med mindre mengder farleg avfall.
Kriterium/vilkår
Kommunen si plikt avgrensar seg til å ta imot inntil 1000 kg totalt per år per avfallseigar.
Pris for tenesta
For hushald er det gratis å levere farleg avfall. Renovasjonsavgifta dekkjer dette. Verksemder må betale gebyr når avfallet blir levert.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Lover
Dette er ei lovpålagd teneste, sjå avfallsforskrifta kap. 11. Vedlegg 1 til kapittel 11 definerer kva for avfallstypar som er farleg avfall.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Ha ein fast plass til avfallet fram til du skal levere det.
Behald originalemballasjen, dersom det er mogeleg.
Finn nærmaste mottak innanfor kommunen.
Tenesta oppdatert: 04.03.2021 10:06