Skjema
- Barnehage - søknad om godkjenning (barnehageloven)
- Barnehage - søknad om midlertidig dispensasjon fra krav til personale
Ønskjer du å starte ein familiebarnehage, blir det stilt fleire krav, og du må ha godkjenning av kommunen.
Er det mange små born som ventar på barnehageplass der du bur? Ønskjer du å starte ein familiebarnehage? Før ein familiebarnehage blir sett i drift, må du ha godkjenning frå kommunen når det gjeld pedagogisk innhald, helse, miljø og tryggleik.
Ein familiebarnehage er ei barnehageform der borna får eit tilbod i private heimar. Han eignar seg best for born under tre år. Du kan anten arbeide der sjølv eller tilsetje ein assistent og pedagogisk rettleiar og sjølv vere ute i arbeid. Du må lage vedtekter for verksemda.
Personar som har lyst til å starte ein familiebarnehage.
Folkehelsemyndigheitene, plan- og bygningsmyndigheitene, brannvesenet, Arbeidstilsynet
Sjå spesielt forskrift om familiebarnehager.
Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger
Forskrift om foreldrebetaling i barnehager
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver
Forskrift om familiebarnehager
Forskrift om politiattest i barnehager
Barnehageloven
Folkehelseloven
Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager
Økonomiforskrift til barnehageloven
Forskrift om tilskudd til private barnehager
Kontakt kommunen for å få fleire opplysningar og søknadsskjema. Avtal tid for synfaring i heimen din. Kommunen må òg godkjenne lokala.
Kommunen kjenner til behovet for barnehageplassar i nærmiljøet og eventuelle barnehagar du kan samarbeide med, og kan hjelpe deg med å rekruttere ein pedagogisk rettleiar. Barnehagen kan opne når godkjenning, tilsetjing og vedtektene er i orden.
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom kommunen ikkje kan gjere vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaken til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har fått vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du klagar over, og kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Tenesta oppdatert: 05.03.2024 14:26