Når barn og unge treng hjelp
Det skal vera trygt og godt å veksa opp i vår kommune. Av og til oppstår likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I Stord følgjer me BTI-modellen for å sikra at barn og unge får den hjelpa dei treng.
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!
Korleis gå fram med ei bekymring for eit barn eller ein ungdom?
I vår kommune tek me alle bekymringar, små og store, som gjeld barn og unge like alvorleg. Om det er eit barn i familien din, venekretsen eller i nabolaget er det godt å ha ein vaksen som ser situasjonen til barnet og bidreg til at barnet får den oppfølginga det skal ha. Du kan melde di bekymring til alle i kommunen som arbeider med barn. Det kan vere lærar/rektor, tilsett i offentleg eller privat barnehage, helsesøster, utekontakt, SLT-koordinator eller hendvend deg til kundetorget for ein kontaktperson over telefon. Les meir om Uro for barn og unge.
I kommunen jobbar me saman med barnet og familien for å sikra at grunnlaget for bekymringa vert handtert gjennom BTI – Betre Tverrfagleg Innsats som sikrar oppfølging og løysing.
Les meir om dei ulike tenestene i vår kommune her
Tiltaks- og tenesteoversikt
Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 112 eller Barnevernstenesta 97 55 21 63 / 91 91 44 30 (15:30-08:00).