Skjema
Tjenester
- Eigedomsskatt - betalingsutsetjing av skuldig eigedomsskatt
- Eigedomsskatt - klage (overtakst) ved pålagd eigedomsskatt
- Eigedomsskatt - nedsetjing og ettergjeving
Du kan krevje omtaksering av eigedommen, som vil seie at du krev at eigedomsskatten blir taksert på nytt.
Å krevje omtaksering av ein eigedom vil seie at du i perioden mellom to alminnelege takseringar (som skjer kvart tiande år) ber om at eigedommen blir taksert på nytt, eller kommunen gjer dette på eige initiativ. Skattetaksten er den verdien huset/eigedommen er sett til, og som dannar grunnlaget for utrekninga av eigedomsskatt. Skattetaksten skal setjast til den alminnelege omsetningsverdien for eigedommen.
Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt.
Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagt eigedomsskatt.
Omtaksering skal skje dersom
Når skatteytaren krev omtaksering, skal skattytaren dekkje kostnadene.
Kravet om omtaksering skal vere skriftleg og leverast til eigedomsskattekontoret.
Du kan klage (krevje overtakst) på ei omtaksering. Sjå eigen tenesteomtale av overtakst.
Tenesta oppdatert: 25.02.2021 14:30