Kva er Den kulturelle spaserstokken?

Stord kommune ønskjer at kulturopplevingar skal vera ein del av kvardagen til eldre og personar med bistandsbehov. Gjennom arrangement i Den kulturelle spaserstokken kan denne gruppa få oppleva kunst og kultur på eit høgt profesjonelt nivå fleire gonger i året. 

Kven er målgruppa til Spaserstokken?

Tiltaka i Stord kommune rettar seg særskilt mot dei som har vanskar med å sjølve oppsøka kulturelle tilbod, som bebuarar på dei offentlege omsorgsinstitusjonane.

Korleis er Spaserstokken organisert?

Realisering og utvikling av den kulturelle spaserstokken skjer i eit nært samarbeid mellom omsorgssektoren og Eining for kultur. Ein representant frå Eining for kultur er ansvarleg for å koordinera og samarbeider med omsorgstenestene om programinnhaldet. Arrangementa er finansiert av fylkeskommunal tilskotsordning og kommunal finansiering.

Program

Program for våren 2025, med atterhald om endringar:

 

Utøvar 

Dato 

Tid 

Stad 

«Together again» med Berit Håpoldøy og Erlend Stuve 

 Torsdag 23. januar

 Kl. 11.00 

 Stord sjukeheim

 Kl. 13.00 

 Blåbygget/ dagtilbod  demente

Kl. 16.00Knutsaåsen 

«Rose Rouge» med Brita Grov, Sara Røiseland Torsvik. Danseframsyning 

 Onsdag 19. februar 

 

 Kl. 10.45

 Knutsaåsen 

 Kl. 12.00 

 Vestibylen kulturhuset

«Musikk med mange strengar» med Alise Jonassen, Lena D. Husebø og Jan A. Husebø 

 Onsdag 12. mars

 Kl. 11.00 

 Knutsaåsen

 Kl. 12.30  

 Dagtilbod demente

Kl. 16.00Stord sjukeheim

«Bli med opp på loftet» med Charlotte Tvedte, Sunnhordland museum 

 Onsdag 9. april

 Kl. 10.45

 Blåbygget 

 Kl. 12.15

 Buneset 

Torsdag 10. aprilKl. 10.30Dagtilbod demente
Kl. 11.30Stord sjukeheim
Vår + 17. mai-program med Tone Heide og Ragnhild Nesse Onsdag 14. maiKl. 11.00Stord sjukeheim
Kl. 12.30Vestibylen kulturhuset

Tre på tur med Jarle Kristoffersen, Irene Simonsen, Elin Sofia Lotsberga 

 Måndag 23. juni

 Kl. 11.00

 Knutsaåsen

 Kl. 14.30

 Stord sjukeheim

Ønskjer du å vera utøvar i Spaserstokken?

Profesjonelle utøvarar kan levera kunstnarlege tilbod til Den kulturelle spaserstokken i Stord kommune via skjema under. Tilboda vil bli vurderte fortløpande. 

Skjema for tilbod til Den kulturelle spaserstokken i Stord kommune.