Formannskapet vedtok i møte 14.10.20 å utarbeide ein byromsstrategi for deler av Leirvik sentrum (torget - Borggarden - Sunnhordlandskaien). Det vart satt ned ei arbeidsgruppe og utarbeidd mandat for arbeidet. Arbeidsgruppa har hatt følgjande mandat:
- Utarbeide framlegg til byromsstrategi for sentrumsaksen torget - Borggarden - Sunnhordlandskaien
- Strategien skal byggje på innhaldet i moglegheitsstudien Veni-Vidi-Vikjo, på innspelsrapporten frå nærmiljøprosjektet, på relevante innspel til kommuneplanarbeidet og på erfaringar frå prosessen med å etablere aktivitetsområde i Borggarden
- Strategien skal ta omsyn til og eventuelt samarbeide med pågåande og planlagde prosjekt for arealbruk i sentrum
- Strategien skal vise kva for funksjonar/aktivitetar og målgrupper dei ulike byromma skal ha
- Strategien skal leggje til grunn kommunen sine folkehelsemål
- Arbeidsgruppa skal knyte til seg konsulent med fagkompetanse i planlegging/design av byrom/uteområde som kan bistå gruppa i arbeidet
Fire lokale arkitektfirma vart inviterte til å gi tilbod på konsulenttenester. Tre firma gav tilbod, og ABO plan og arkitekttur vann konkurransen.