Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen blir overskriden.
Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/tverrbuarar og fråsegner frå anna myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, så framt det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar.
Kommunen kan forlenge desse fristane dersom saka er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve/samtykke frå andre myndigheiter. Dersom fristen blir lengre, så skal søkjaren få melding om det så fort det blir klart at fristen ikkje vil bli halden.