Buplikt ved kjøp av eigedom
Buplikt betyr ei plikt til å busetje seg på ein eigedom eller eit hus som du eig. Det er kommunen som fastset om eit område skal ha buplikt. Dersom du ønskjer å kjøpe eit bustadhus i eit område med buplikt, og du ikkje vil bruke huset som heilårsbustad, må du søkje om konsesjon (løyve).
Tenesteomtale
Dersom du ønskjer å kjøpe eit bustadhus og du ikkje vil forplikte deg til å nytte eigedommen som heilårsbustad av deg sjølv eller andre, må du søkje om konsesjon. Kommunen ønskjer å leggje til rette for levande lokalsamfunn og sikre busetjinga ved at bustadeigedommar i størst mogleg grad blir nytta som heilårsbustader.
Målgruppe
Bustadkjøparar i område med nedsett konsesjonsgrense (buplikt)
Kriterium/vilkår
Du må søkje konsesjon ved kjøp av:
- Utbygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
- Eigedom med bustadbygging som ikkje er teken i bruk som heilårsbustad, i område som er regulert til bustadføremål (gjeld også eigedom med busetnad under oppføring
- Tomt utan oppført bustad som er regulert til bustadføremål
Pris for tenesta
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Lover
Sjå spesielt konsesjonslova §§ 5, 7, 10 og kapittel 5.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Du sender søknad om konsesjon til kommunen. Søknaden skal mellom anna innehalde opplysningar om kjøparen, eigedommen og formålet med kjøpet.
Saksbehandling
Kommunen vil gjere eit vedtak. Forhold som vil bli vurderte, er mellom anna
- Kor eigedommen ligg og om området eigedommen ligg i er eit utprega fritidsområde
- Kor lang tid det er gått sidan eigedommen blei brukt som heilårsbustad og kor lenge han blei brukt som heilårsbustad
- Om ein kan rekne med at andre vil kjøpe eigedommen for å bruke han som heilårsbustad
Innvilga konsesjonssøknad skal følgje skøytet til tinglysing for at du skal få heimel på eigedommen.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Tenesta oppdatert: 19.02.2021 08:43