Korleis kan kommunen inkludera barn og unge i planprosessar og legga til rette for medverknad på dei unge sine premiss? Stord kommune blei tildelt midlar frå Kulturtanken til eit pilotprosjekt for å utvikla gode modellar for nettopp dette. I det følgjande deler prosjektgruppa erfaringar og resultat frå prosjektet.
I samband med utarbeidinga av planar, pliktar kommunen å lytta til dei yngste medborgarane sine tankar og meiningar. Målet med pilotprosjektet var å finna gode metodar for korleis kommunen kan inkludera barn og unge i planarbeid på ein engasjerande måte.