Før badeanlegga (som òg inkluderer bassengbad, badstuer og boblebad) blir tatt i bruk, og ved endringar i drifta, skal eigaren gje kommunen melding om alle forhold som kan verke inn på helse, hygiene eller tryggleik for brukarane. For boblebad spesielt skal meldinga mellom anna innehalde opplysningar om utforminga og kva modell/type boblebadet er.
Badeanlegg skal vere tilfredsstillande for helse og hygiene. Dei skal vere utforma slik at dei førebyggjer ulukker. Personellet skal ha opplæring i persontryggleik, og det skal utarbeidast instruksar for brukarane. Det skal takast jamlege prøver av vasskvaliteten.