Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid, jf. arkivlova § 6.

Arkivplanen skal vera reiskap for å sikra at arkivdanninga skjer i tråd med gjeldande lover og forskrifter. Arkivplanen gir retningsliner for handsaming av dokument og dokumentproduksjon.

Arkivplanen skal visa:

  • kva arkivet omfattar, dvs. kva papirbasert og elektronisk materiale som inngår i arkivet
  • korleis arkivet er organisert, dvs. korleis arkivmaterialet er ordna og strukturert og korleis det er oppstilt
  • kva instruksar og reglar som gjeld for arkivarbeidet, dvs. ei oversikt over gjeldande lov- og regelverk samt interne instruksar

Plandokument

Kommunedirektøren har i følgje kommunelova og arkivlova det overordna ansvaret for kommunen sine arkiv. Arkivleiaren har det daglege ansvaret for arkivtenesta.