Alternativ kommunikasjon (ASK) for barnehagebarn
ASK er kortnamnet for alternativ og supplerande kommunikasjon, og er ein rett for barn som har vanskar med å kommunisere.
Tenesteomtale
Barn som heile eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), skal få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i barnehagen.
Foreldre treng ikkje søkje om å få bruke hjelpemiddel, barnehagen skal leggje til rette for bruk av hjelpemiddel innanfor det vanlege barnehagetilbodet.
Eksempel på kommunikasjonsformer er handteikn, bilete, grafiske symbol, konkrete handlingar, veremåtar og kroppslege uttrykk. Eksempel på kommunikasjonsmiddel er kommunikasjonsbøker, tematavler og talemaskiner.
Målgruppe
Barn i barnehagen, barn i barnehagealder.
Kriterium/vilkår
Kommunen kan vedta å tilby ASK i samanheng med spesialpedagogisk hjelp.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt barnehagelova § 1, § 2 og § 39.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Barnehagen pliktar å leggje til rette for barn med nedsett kommunikasjonsevne, og det er ikkje nødvendig med søknad.
Likevel er ofte ASK ein del av tilbodet om spesialpedagogisk hjelp. Og dersom utstyr til ASK krev opplæring for å ta det i bruk, må det fattast eit enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp (barnehagelova §§ 31, 32, 33 og 34).
Høve til å klage
Er du misfornøgd med forhold i barnehagen kan du ta det opp med leiinga til barnehagen. Det er leiinga til barnehagen som er ansvarleg for tilbodet, og som skal samarbeide med alle foreldre.
Du kan også sende ei skriftleg klage til kommunen.
Dersom kommunen avviser meldinga, kan du fremje ein formell klage på dette vedtaket. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket frå kommunen.
Du kan også klage til statsforvaltaren i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta.
Tenesta oppdatert: 16.02.2022 16:50