Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aktivitet for rusavhengige - I jobb

Generelt

Stord kommune har inngått eit samarbeid med Kirkens bymisjon, "I jobb". Målet er å tilby personar som er rusavhengige eit arbeidstilbod med høg grad av fleksibilitet.

Det er for tida tilbod om arbeid ein dag i veka for aktive rusavhengige, og to dagar i veka for personar i LAR (legemiddelassistert rehabilitering).

Målgruppe

Målgruppa er todelt:

  1. Aktive rusavhengige av begge kjønn som ikkje er i behandling. Det vert ikkje stilt krav til rusfrihet, men arbeidstakar må vera i stand til å utføra dei tildelte arbeidsoppgåvene på ein tilfredsstillande måte, utan å vera til sjenanse for dei andre arbeidstakarane, oppdragsgjevar eller omgjevnaden generelt.
  2. Personar i LAR (legemiddelassistert rehabilitering) som ikkje er i annan aktivitet, arbeid eller utdanninga men som ynskjer arbeidsretta aktivitet.

Tenesta oppdatert: 12.01.2024 13:26