Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ledig stilling

Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune og er del av ei klynge innanfor maritim sektor som er verdsleiande når det gjeld å utvikle grøne, maritime løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen «Saman om utvikling og velferd», og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. 

Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har i overkant 19.000 innbyggjarar.

Les meir om Stord kommune som arbeidsgjevar her

Dagleg leiar

Stord kommune vel no å vidareføra drift og utvikling av VA i eit eige aksjeselskap frå 01.01.2025. I samband med denne endringa søkjer vi dagleg leiar.