Denne rapporten er sluttrapport og evalueringsrapport for prosjekt 16’ – ka no?
Rapporten skildrar bakgrunn for prosjektet, prosjektorganiseringa og prosjektprosessen, mål, tiltak og resultat. For kvart tema er det eit avsnitt om evaluering. Utfyllande informasjon om formelle avtalar, verktøy og funn ligg som vedlegg.
Rapporten blir sendt til Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet, Fitjar kommune, og som referatsak til Stord formannskap og Stord ungdomsråd.
Rapporten er utarbeida av prosjektleiar Tove Agdestein, SLT-koordinator Bjarte Epland og skulefagleg rådgjevar Siri Erland, med bidrag frå alle i prosjektgruppa.